(Lær om leire/keramikk og) Lag ein mini Yunomi kopp
Dette trenger du for å gjøre oppgaven
- Leire som er litt "ostehard"
- Ulike utskjæringsverktøy
- Svamp og bolle med litt vatn
- Slikkers + pensel
- Plastikkpose til leira som blir skore ut
Intro
Yunomi er ein tradisjonell japansk tekopp utan hank. For å lage koppen brukar ein den japanske håndskjæringsteknikken kurinuki, som kan likne på spikking, der ein må skjære/spikke ut koppen ved hjelp av ulike verktøy.
Oppdrag
Bruk læringsressursen som ligg under her. Den fortel om leire/keramikk og viser stegvis korleis ein lagar koppen.
Ressursen er ein kombinasjon av fysisk og digital støtte, og består av ein PowerPoint-presentasjon som skal vere eit hjelpemiddel både for læraren og elevane, i tillegg til fysiske konkretar som blir brukt undervegs i undervisninga. Opplegget omfattar ein dobbeltime, og har som mål å introdusere elevane for materialet leire, der dei tileignar seg kunnskap gjennom teoretisk innføring og praktisk arbeid.
Læringsressurs - trykk her!
Oppgåva kan kombinerast med ei oppgåve i spikking i treverk. Prinsippa er like, og dette kan bidra til å styrke elevane si kompetanse om ulike materiale sine eigenskapar. For eksempel kan elevane lage to produkt som skal passe saman. Ein kopp i kurunuki teknikken og ei spikka skei i tre.
Undervisningsressursen er retta mot elevar på vg2 i programområdet Kunst, design og arkitektur, med utgangspunkt i faget «Kunst og visuelle verkemiddel (KDA01-02)”, men kan og tilpassast til 5-10. trinn i Kunst og handverk. Ressursen heiter «Kva er leire og keramikk?», med underoverskrifta «Kvifor bruke leire som materiale i eit skapande arbeid?».
Som eit første møte med materialet tek undervisinga høgde for ulike forkunnskapar, og legg til rette for at alle får eit felles kunnskapsgrunnlag og ei sanseleg erfaring med leire.
Oppgåva og ressursen er laga av Tiril Brenne Høydal.
Kontaktinfo: Tirilbrenne@gmail.com